12.07.07-DF-BREAKFAST41.jpg

Me har fokus på å hausta av naturen og nytta dei fantastiske råvarene me har rundt oss. Det er moro å laga maten frå grunnen av.

Håpar me kan frista både veifarande og fjellfantar medtradisjonsmat.

Våre kjøttkaker og ertestuing med tyttebær er ein av bestseljarane. Viltgryta likeins. Fjellburgeren berre du smaka, sunn tvers i gjennom!  Heimalag brød, viltburger og steikte båtpoteter. Sprøsteikt fjellaure med råkost og vår berømte rømmesaus ,er heller ikkje å forakta.

Avslutt gjerne med ”Hardangerjøkulen ” – tyttebærisen med varme bær.

Kva er vel bedre enn eit glas vin til ein smakfull middag. Eller eit glass doggfriskt lokalt brygga øl på uteplassen ein varm dag. Me har alle rettigheiter.

Dyranut Fjellstova har Hardangermeny som kvalitetstempel.

Frukostbordet vårtskal vera ein nytelse. Men nyrørte bær og varme lappar, ekte geitost og fyr i peisen vil me at gjestene våre skal få ein fin start på dagen.