Mat og Drikke

Tradisjonen tru så er det ei ære for oss på Dyranut å lage mat frå botnen av.

Me lagar den sjølv av gode lokale råvarer frå småskalaprodusenter som me kjenner.

Om hausten foredler me reinsdyr, hjort og elg for neste sesong. Smakfulle rettar frå dyr som beiter i fjellet er vår spesialitet, saman med den gode fjellauren med råkost og rømmesaus.

Me har open kafe heile dagen.

Frukost kl 8-10 (når me har overnattingsgjester)

Kafe kl 10-21 med varm mat kl 12-20

(frå 9. sept. er kafeen open til kl 18)

Om kvelden kl 19 serverer me 3-retters middag både for overnattingsgjester og for deg som f. eks bur på hytte i nærleiken og har lyst på ein bedre middag som du vil sleppa å laga sjølv.

3-retters middag må bestillast seinast kl 15 same dag.

Frukostbordet vårt skal vera ein nytelse.

Her får du sjølvrøyka laks og gjerne også sjølvlaga lammerull no og då. Sunne brød og knekkebrød bakar me sjølvsagt på fjellstova.

Her får du både søte og sunne overranskingar kvar dag. Med vår lune atmosfære og fyr i peisen vil me at gjestene våre skal få den beste start på dagen.