Sommar-Kjeldedalen-920x460.jpg

I 1934 bygde Ola O. Lægreid Dyranut Fjellstova.

Det var den første hytta her oppe og det var ei lita fjellstove med 10 sengeplassar.  Gjestene var stort sett fotfolk og jegrar.

I 1946 overlet han hytta til sonen sin, Nils Bergslien. Han stod for drifta fram til 1952. Då selde han til Rut Helberg som kom frå Svelgen.

I 1968 kjøpte Solveig og Sjur Varberg fjellstova attende til slekta. Ola O. Lægreid var farbror til Solveig Varberg.

I 1984 vart den gamle hytta riven og ei ny hytte vart sett opp. Kafeen fekk ein kapasitet på 60 sitjeplassar, og det vart 20 sengeplassar. Drifta vart mykje lettare for både straum (aggregat) og vatn vart lagt inn.

I 1997 overtok dottera til Solveig og Sjur, Kari Varberg Øydvin drifta saman med ektefellen Asle Øydvin. Me er ein familie på fem: Kari, Asle, Sturla (f. 1988), Sindre (f. 1991) og Thea (f. 1996). Me har tre islandshestar og bur på Dyranut halve året.

I 1998 satsa me skikkeleg på ei standardheving samstundes som me ville ta vare på den koselege atmosferen. Nytt kafebygg på 60 rutemeter, ny kafeteriadisk, lettvint og moderne kjøken kom på plass. Dessutan nytt toalettanlegg med handicaptoalett, stellerom samt bad på romma.

Dyranut Fjellstova har alle rettigheiter og på fine dagar kan du nyta eit forfriskande glas på uteplassen.

Det er godt lagt til rette for parkering og flotte, oppmurte rasteplassar i naturstein i tilknytning til fjellstova.

Ikkje minst: mange gode historiar følgjer med fjellstova, dei som har drive her og gjestene våre! Me deler gjerne!