Første treningssamlinga i 2015

Den første treningssamlinga vart avvikla forrige helg med 20 deltakarar – ein flott gjeng!

Kollonnekøyring med vêr og vind fredag kveld var ikkje til hinder for nokon – alle kom seg til Dyranut til slutt.

Etter ein litt sein Biff à la Lindstrøm gjekk Hans Kristian Henriksen og Kari Varberg gjennom tips og hint med bilder frå fjorårets løp og ekspedisjonar over Grøndland.

Dei fleste valgte å liggje inne denne første natta, men nokon ville liggje ute i teltet sitt som ei ekstra trening.

Neste morgon starta me med teori inne. Vinterførstehjelp, pakking av pulk, bekledning, gps, kart & kompass og sikre vegvalg var tema som stod på agendaen.

Sikkerheitsansvarleg Jarle Viskjer hadde ein god gjennomgang av løypetraseen til Expedition Amundsen.

Etter lunsj var me ute. Alle måtte forsikre seg om at telt og primus var i orden, før me la ut på orientering i mørket.

Arrangøren hadde ønska seg at deltakarane kunne få prøve seg i litt meir vêr, men for nokon vart det ei god trening å navigere etter stjernene og lese terrenget også utan gps.

Det var spreke deltakarar med, og etter ca 3,5t på ski slo me leir i Stigstuvdalen.

Kl 6 neste morgon var primusane i gang og eit par timar seinare var me på veg til Nybunuten for skredøving med Ellen Drangevåg (ansvarleg for sjekkpunkt 1, Hellevassbu).

 

Kommande helg vert det ny samling med nesten like mange deltakarar.

 

 

Kari;-)