Overnatting

Fjellstova har sengeplass til 16 om sommaren, og 24 om vinteren. Her er koselege fjellrom, med bad. Dei har ein lun atmosfære, så når du fyrer i vedovnen får du den gode hyttekjensla. Me har strømaggregat som går stort sett heile døgnet, men det er lurt å ta med hodelykt i tilfelle me stanser aggregatet for å fylle på olje.

Sjå våre rom

Me set vår ære i å lage maten frå botnen av, og helst av lokale råvarer. Om hausten jaktar me villrein og hjort, som me foredlar til neste sesong. Sanking av blåbær, multer, tyttebær og sopp er og eit av haustens høgdepunkt. I Hardanger har me god tilgang på frukt og bær, og med ei nyinnkjøpt eplepressa har me laga mykje god eplesaft og sider. Velkomen innom til gode smakar.

Servering ›

2015 er friluftsåret og Dyranut Fjellstova vil gjerne bidra til at fleire skal koma seg ut i naturen. Me har utvida opningstida i vinter: 13.mars - 12.april (+ helgene i april). Det vert arrangert kurs i «å verta tryggare i vinterfjellet», kitekurs og ein kan få køyra hundespann. I sommar kan du oppleva Vidda frå hesteryggen eller gjerne ein kløvtur der hesten bærer all mat og utstyr. Sykkel og Båtutleige.

Gå til aktivitetar ›